Trygge leverandørar – føreseielege vilkår
ÅBBL har inngått rammeavtalar med utvalde leverandørar for å gjere kvardagen enklare for styre og boligselskap. Avtalene gir tilgang til kvalitetstenester, avklarte vilkår og samarbeidspartnarar som kjenner både ÅBBL og behova i boligselskapa våre.
Rammeavtalene kan nyttast av alle tilknytta boligselskap i ÅBBL.
Kva er ei rammeavtale?
ÅBBL samarbeider med ei rekkje lokale og regionale bedrifter gjennom rammeavtalar og faste samarbeid. Desse leverandørane er valde ut fordi dei leverer kvalitet, har god kompetanse og kjenner behova i boligselskapa våre.
Samarbeidet gjer det enklare for styre og boligselskap å få tilgang til trygge og føreseielege tenester, utan å måtte starte prosessen frå grunnen kvar gong. Vilkår, kvalitet og samarbeidsform er allereie avklart.
For boligselskapa betyr dette mindre administrasjon, betre oversikt og trygg gjennomføring av både små og store oppdrag. Samla sett bidreg samarbeidet til god drift og langsiktig verdi for fellesskapen.
For styret betyr dette:
-
enklare bestilling av tenester
-
mindre administrasjon
-
tryggleik for kvalitet og seriøsitet
-
føreseielege kostnader
Rammeavtalene kan nyttast både til mindre oppdrag og større prosjekt.
Våre rammeavtaleleverandørar
Under finn de ei oversikt over leverandørar som ÅBBL har rammeavtale med. Desse er valde ut basert på kompetanse, erfaring og pris.