Trygge leverandørar – føreseielege vilkår
ÅBBL har inngått rammeavtalar med utvalde leverandørar for å gjere kvardagen enklare for styre og boligselskap. Avtalene gir tilgang til kvalitetstenester, avklarte vilkår og samarbeidspartnarar som kjenner både ÅBBL og behova i boligselskapa våre.
Rammeavtalene kan nyttast av alle tilknytta boligselskap i ÅBBL.
Kva er ei rammeavtale?
ÅBBL samarbeider med ei rekkje lokale og regionale bedrifter gjennom rammeavtalar og faste samarbeid. Desse leverandørane er valde ut fordi dei leverer kvalitet, har god kompetanse og kjenner behova i boligselskapa våre.
Samarbeidet gjer det enklare for styre og boligselskap å få tilgang til trygge og føreseielege tenester, utan å måtte starte prosessen frå grunnen kvar gong. Vilkår, kvalitet og samarbeidsform er allereie avklart.
For boligselskapa betyr dette mindre administrasjon, betre oversikt og trygg gjennomføring av både små og store oppdrag. Samla sett bidreg samarbeidet til god drift og langsiktig verdi for fellesskapen.
For styret betyr dette:
-
enklare bestilling av tenester
-
mindre administrasjon
-
tryggleik for kvalitet og seriøsitet
-
føreseielege kostnader
Rammeavtalene kan nyttast både til mindre oppdrag og større prosjekt.
Våre rammeavtaleleverandørar
Under finn de ei oversikt over leverandørar som ÅBBL har rammeavtale med. Desse er valde ut basert på kompetanse, erfaring og pris.
Årdalsnett
Tjenesteområde: Internett og TV
Kontakt: Ove Birger Røneid
E-post: ove-birger@ardalsnett.no
Tlf.: 472 42 201
Nundal Consult
Tjenesteområde: Elektriker og brannvarsling
E-post: bvn@nundalconsult.no
Tlf.: 478 94 160
Årdal Blikkenslager
Tjenesteområde: Blikkenslager
Kontakt: Dennis Jensen
E-post: firmapost@ardal-blikk.no
Tlf.: 970 72 490
Lukas Rietveld malerservice AS
Tjenesteområde: Maler
Kontakt: Lukas Rietveld
E-post: lukasrietveld@icloud.com
Tlf.: 977 47 129
Olav O Hæreid AS
Tjenesteområde: Maskinentrepenør
Kontakt: Torstein Hæreid
E-post: torstein@olavoh.no
Tlf.: 482 66 982
Luftig
Tjenesteområde: Ventilasjonsanlegg (filterbytte og service)
E-post: hei@luftig.no
Tlf.: 907 07 607
TKE
Tjenesteområde: Heisservice og heisalarm
E-post: heisservice.tkeno@tkelevator.com
Tlf.: 219 79 830 (07:30-15:30), eller 219 79 701 (døgnbemannet) ved akutt heisstans.
Kiwa
Tjenesteområde: Heiskontroll (kvart 2. år)
E-post ved spørsmål om portal: Ann-Christine.Sandtangen@kiwa.com
E-post ved spørsmål om heiskontroll: terje.gunnes@kiwa.com
Treng de hjelp?
ÅBBL er bindeledd mellom boligselskap og leverandør og følgjer opp rammeavtalene på vegner av fellesskapen.
Ta gjerne kontakt med oss dersom de:
-
har spørsmål om rammeavtalene
-
ønskjer råd før bestilling
-
vurderer nytt prosjekt eller vedlikehald