Her har vi samla svar på vanlege spørsmål om styrearbeid i burettslag og sameige.
Målet er å gjere det enklare å vere tillitsvald – enten du er heilt ny i styret, eller har vore med ei stund.
Du finn informasjon om ansvar, økonomi, vedlikehald, bumiljø og mykje meir.
Treng de hjelp undervegs, er Årdal Boligbyggelag (ÅBBL) alltid berre ein telefon eller e-post unna.
ÅBBL
ÅBBL forvaltar bustadselskap på oppdrag frå styret. Innkrevjing av fellesutgifter, handtering av rekningar og oversikt over økonomien inngår i dette oppdraget. I tillegg bidreg vi med rådgjeving og kan ta oppdrag innan vedlikehaldsplanlegging, rehabilitering og mange andre tenester. Sjå under Tenester i menyen på denne sida.
Bustadbyggjelag
Eit bustadbyggjelag er eit samvirkeføretak som har som mål å byggje, omsetje og forvalte bustader for medlemmene sine. Bustadene blir organiserte som burettslag eller sameige. I burettslag tilknytte bustadbyggjelag er andelseigarane medlemmer i bustadbyggjelaget, og det er forkjøpsrett på bustadene.
Det er medlemmene i bustadbyggjelaget som eig laget. Generalforsamlinga er den høgaste myndigheita i bustadbyggjelaget.
Bustadbyggjelaga tilbyr burettslag og sameige ulike tenester innan forvaltning. Døme på dette er:
-
innkrevjing av felleskostnader
-
rekneskap
-
økonomistyring
-
handtering av lån og forsikringssaker
-
rådgjeving til styrer
-
tilgang til digitale løysingar
Bustadbyggjelaga tilbyr òg teknisk, økonomisk og juridisk bistand.
Bustadbyggjelaga har ofte eigedomsmeklarar og kan drive andre bustadrelaterte tenester, som til dømes vaktmeistertenester og barnehage.
Bustadbyggjelaga forhandlar fram medlemsfordelar og rabattar på ei rekkje område.
Dei bidreg òg til kvalitetssikring i burettslaga gjennom kursing av styremedlemmer.
Kjelde: NBBL
Det er styret si oppgåve å gjennomføre vedtaka som er fatta på generalforsamlinga eller på årsmøtet i sameiget, og å forvalte bygningsmassen.
Å drifte bustadselskapet inneber å ha oversikt over økonomien, krevje inn fellesutgifter, betale rekningar og handtere HMS-oppgåver. Det er òg styret si oppgåve å sjå til at bygningane og fellesareala blir haldne ved like.
Samtidig bør styret ha eit overordna mål om å skape eit godt bumiljø.
Styreleiar og styremedlemmer har eit personleg ansvar for å oppfylle pliktene som følgjer med styrevervet. Avtalar som er inngått med tenesteleverandørar og samarbeidspartnarar gir ikkje fritak frå desse pliktene. Tvert imot skal styret sikre at driftsavtalane blir oppfylte og utførte på ein forsvarleg måte.
Dersom personar eller gjenstandar blir skadde som følgje av at styret ikkje følgjer opp pliktene sine, kan det enkelte styremedlemmet bli halde personleg ansvarleg. Slike situasjonar oppstår heldigvis svært sjeldan, og du som styremedlem vil i dei fleste tilfella vere dekt av bustadselskapet si styreansvarsforsikring.
Om styrearbeidet
Styret bør møtast jamleg – til dømes 4–6 gongar i året, eller oftare ved behov. Det er viktig å dokumentere møta i møteprotokoll.
Felleskostnader dekker utgifter til drift, vedlikehald, forsikring, forvaltning, energi og andre felles tenester.
Kravet blir sendt til inkasso, og ved langvarig mislighald kan andelen bli tvangsselt. ÅBBL handterer normalt innkrevjing for styret.
Ja, men det må forankrast i vedtak frå generalforsamling/årsmøte og registrerast i rekneskapen.
ÅBBL kan hjelpe med budsjett, rekneskap og økonomistyring. Styret bør gå gjennom budsjettet minst ein gong i året.
Vedlikehald og drift
Styret har ansvar for bygningane og fellesareala. Den enkelte andelseigar/bebuar har ansvar for eige innvendig vedlikehald.
ÅBBL tilbyr hjelp til kartlegging og utarbeiding av vedlikehaldsplan. Ein god plan gjev oversikt og tryggleik for framtidige kostnader.
Ta kontakt med rette fagfolk straks, og meld saka til forsikringsselskapet. ÅBBL kan bistå om de treng rådgjeving.
Bebuarar og bumiljø
Styret skal opptre nøytralt og forsøke å finne løysingar i tråd med husordensreglane. Ved alvorlege konfliktar kan juridisk rådgjeving vere nødvendig.
Ja, men dei må vere saklege, følgje lovverket og normalt vedtakast av årsmøtet.
God kommunikasjon, felles møteplassar og informasjon gjev trivsel og fellesskap.
Generalforsamling og årsmøte
Burettslag har generalforsamling, medan sameige har årsmøte. Begge er øvste myndigheit i laget.
Innkalling skal sendast ut minst 8 dagar før møtet, men mange vel 14 dagars frist. Ved å bli kunde hos ÅBBL, så kan du sende ut innkalling via vår styreportal.
Årsmelding, rekneskap, budsjett, val av styre og eventuelle forslag frå bebuarar.
Ansvar og tryggleik
Styret har ansvar for at bygget oppfyller krav til brannvern og el-tryggleik, og at årlege kontrollar blir gjennomførte av godkjende fagfolk.
Det er styret sitt systematiske arbeid for å sikre trygge bu- og arbeidsforhold, og for å førebyggje brann, skadar og ulykker. Ved å være kunde hos ÅBBL, får du moglegheit til å kjøpe lisens hos ÅBBL HMS, som er vårt system for internkontroll for HMS.
Burettslag og sameige skal ha felles bygningsforsikring. I tillegg bør laget ha styreansvarsforsikring. Ved å være kunde hos ÅBBL, hjelper vi med dette. Vi har og gode fremforhandla avtalar du kan nytte deg av.
Forsikringa dekkjer økonomiske krav mot styremedlemmer dersom dei gjer feil i vervet sitt.