Leilegheita har ein fin beliggenheit i eit område kalla "Røti" i Øvre Årdal. Herifra har ein gangavstand til alt Øvre Årdal har å by på. Eigedomen har gode solforhald der ein kan nyte sola midtsommars på verandaen frå ca. kl. 12:30 om morgenen til ca kl. 20.45 om kvelden.
I sentrum finn ein kafear til einkvar smak, samt matvarebutikkar, uteliv, shopping og treningssenter.
For den aktive har ein både idrettsanlegg og turmoglegheiter innanfor rekkevidde. I Årdal er alternativa mange, og ein har både korte og lengre turområde som kan utforskast rett utanfor døra.
Utladalen byr på flotte turområder. Her kan ein blant anna sjå Vettisfossen og andre fine turopplevingar. Fardalen ligg ca. 15 minutters biltur unna med fine skiløyper på vinterstid.
Årdalstangen ligg ca. 15 minutters biltur unna. Her er det hotell, butikkar, cafe, restaurant og kino. Ein kan herfra ta seg vidare til Seimsdalen og Seimsåsen. Her er det flotte skiløyper på vinterstid. Ubegrensa med turmoglegheiter i område.
Denne burettslagsblokka ligg perfekt til med tilgang på det meste. Butikkar, turmoglegheit…