Prosjektet er ei omfattande oppgradering av eit eldre bygg, som no blir gjort om til 10 fritidsleilegheiter. Per i dag er 9 av leilegheitene selde, og arbeidet går framover i godt tempo.
Prosjektleiar fortel at arbeidet ligg godt i rute, og at planen er å overlevere bygget til byggherre i løpet av mai, før eigarane kan overta leilegheitene sine i juni.
Arbeidet blir gjort etasje for etasje, og i tredje etasje har ein kome lengst. Samtidig er dei andre etasjane like bak i framdrifta.
Sist vi var innom byggeplassen, var mykje av arbeidet framleis på konstruksjonsstadiet. No har veggane kome opp, romma har fått form – og det er langt lettare å sjå for seg korleis leilegheitene faktisk vil bli når dei står ferdige.
Leilegheitene i Sognefjorden Fritidsbustader er også litt spesielle. Dei fleste av dei er kjøpte med tanke på utleige gjennom Klingenberg Hotell, noko som gir eigarane moglegheit til å ha ei fritidsbustad som samtidig kan vere ei investering.
Men kanskje det mest unike med prosjektet er likevel plasseringa. Frå bygget er det kort veg ned til fjorden, og fleire av leilegheitene får ei heilt spesiell utsikt mot Sognefjorden.
Når ein står i bygget og ser utover fjorden, er det lett å forstå kvifor interessa for prosjektet har vore stor.
Med berre éin leilegheit igjen, nærmar prosjektet seg no både ferdigstilling – og fullt utseld.