ÅBBL har inngått ny rammeavtale med Algenmax AS. Avtalen gir borettslag og sameige tilknytt ÅBBL tilgang til profesjonell og skånsam fasadevask til gunstige vilkår.
Effektiv reingjering – utan å skade fasaden
Fasadar blir over tid påverka av alger, sopp og annan organisk tilsmussing. Dette kan gi eit slitent uttrykk og i verste fall påverke levetida på overflata.
Algenmax nyttar ein metode som reinsar fasaden grundig utan bruk av høgtrykk som kan skade maling eller kledning. Behandlinga består av:
-
Forbehandling med spesialutvikla middel som løyser opp alger og sopp
-
Skånsam avspyling med lågt vass-trykk
-
Påføring av langtidsbeskyttelse som hindrar ny vekst
Spillvatn blir samla opp og handtert på ein miljømessig forsvarleg måte.
Utsett behovet for ny maling
I mange tilfelle er det ikkje nødvendig å male på nytt – sjølv om fasaden ser skitten ut. Ofte er overflata teknisk sett i god stand, og det er tilsmussinga som gjer at bygget ser slitt ut.
Ein grundig fasadevask kan:
-
Forbetre uttrykket betydeleg
-
Forlenge levetida på eksisterande maling
-
Utsette kostbar overmaling i fleire år
-
Gi ein vesentleg lågare kostnad samanlikna med nymaling
Dette kan vere eit smart og berekraftig tiltak for boligselskap som ønskjer å ta vare på bygningsmassen på ein økonomisk ansvarleg måte.
5 års garanti
Algenmax gir 5 års garanti på behandling av både tre- og murfasadar. Garantien inneber at nye organiske angrep blir behandla kostnadsfritt innanfor garantiperioden. Dette gir ekstra tryggleik for styret og bebuarane.
Gunstige vilkår for ÅBBL sine boligselskap
Gjennom rammeavtalen får boligselskap tilknytt ÅBBL rabatterte prisar på tenestene. Avtalen skal gjere det enklare for styra å velje ei trygg, effektiv og økonomisk løysing for vedlikehald av fasade.
Ønskjer styret meir informasjon eller eit uforpliktande tilbod, kan de ta kontakt med:
Algenmax AS
Kontaktperson: Johan Hertzberg Krog, salgsansvarlig på Østlandet.
Telefon: 412 31 542
E-post: krog@algenmax.no
Eller ta kontakt med oss i ÅBBL dersom de ønskjer rettleiing.