Slik får du gjennomslag i styret – med eller utan verv

Har du ein idé for borettslaget eller sameiget ditt? Kanskje du ser noko som kan bli betre – men er usikker på korleis du skal nå fram? Du treng ikkje sitte i styret for å påverke. Her får du enkle tips til korleis du kan engasjere deg – anten du vil bidra meir, eller berre har eit godt forslag.
Publisert: mandag 23. mars 2026

Vil du vere med i styret?

Om du kunne tenkt deg å bidra meir aktivt, er det enklare enn mange trur å kome i gang.

Sei ifrå til valkomiteen eller styret at du er interessert. Du treng ikkje vente på å bli spurt – det held å vise at du har lyst.

Dei fleste styreverv går over to år, og det er ofte utskifting kvart år. Det betyr at det jamleg kjem nye moglegheiter.

Kva må du kunne?

Kort sagt: Du treng ikkje vere ekspert.

Eit godt styre består av ulike menneske med ulik bakgrunn. Det viktigaste er at du vil bidra og engasjere deg. Fagkunnskap kan hentast inn ved behov, og ÅBBL bistår med både rettleiing og oppfølging.

Kor mykje tid tek det?

Det varierer frå lag til lag.

Nokre periodar kan vere meir travle, spesielt i nye eller større prosjekt. Samtidig handlar mykje om å fordele oppgåvene godt i styret.

For mange opplevast det som både lærerikt og givande – du får betre innsikt i drift, økonomi og ikkje minst bli betre kjend med naboane dine.

Er det mykje ansvar?

Styret har eit ansvar for forvaltninga av laget, men du står ikkje åleine.

Det finst forsikringsordningar som gjeld styrearbeid, og ÅBBL hjelper med alt frå budsjett til gjennomføring av årsmøte. Du får støtte undervegs.

Har du ein idé – men vil ikkje sitte i styret?

Då bør du likevel seie ifrå.

Styret er avhengig av innspel frå bebuarane. Kanskje finst det arbeidsgrupper eller mindre oppgåver du kan bidra i – til dømes sosiale tiltak eller dugnader.

Små initiativ kan ofte utgjere ein stor forskjell.

Kva om du er ueinig med styret?

Det viktigaste er å vere sakleg og ryddig.

Ta opp saka på ein konstruktiv måte, og gi tydelege innspel. Om du ønskjer endring, kan du også engasjere deg gjennom valkomiteen – eller stille til styreverv sjølv.

Til slutt

Eit godt bumiljø blir skapt saman. Enten du sit i styret eller ikkje, er engasjementet ditt viktig.

Har du ein idé? Start med ein prat – det er ofte der det byrjar.