Å ta vare på huset.
Å gi det nytt liv.
Å skape trivsel rundt seg.
ÅBBL
Når våren kjem og temperaturen stig, er det mange som kjenner at det er på tide å gi huset ein oppfriskning. Å male utvendig er ikkje berre estetisk – det handlar også om vedlikehald og å ta vare på verdiane dine.
Saman med vår samarbeidspartner XL-BYGG har vi samla dei viktigaste råda for deg som skal i gang.
Når bør du male huset?
Det beste tidspunktet er frå mai til september. Då er temperaturen stabil, og forholda ligg til rette for eit godt resultat.
Det viktigaste å hugse på:
- Minimum 5 grader i luft og på underlaget
- Unngå fuktige morgonar og kveldar
- Ikkje male i direkte sol eller regn
Vent for lenge, og jobben blir større. Ser du at malinga falmar, mistar glans eller får antydning til sopp – då er det på tide.
Slik gjer du det – steg for steg
Å male huset handlar mykje om godt forarbeid. Gjer du dette riktig, får du eit resultat som varer lenge.
1. Vask huset grundig
Bruk kraftvask og fjern skitt, sopp og smuss. Skyll godt og la veggen tørke i 3–4 dagar.
2. Klargjer overflata
- Slå inn spikar
- Skrap bort laus maling
- Puss ned der det trengst
3. Grunning er avgjerande
Alt bart treverk må grunnes. Dette gir betre feste og lengre levetid på malinga.
4. Masker og dekk til
Beskytt vindauge, dører og det som ikkje skal malast.
5. Mal huset
- Start med detaljar og kantar
- Bruk rull på store flater
- Etterstryk med pensel
- Mal to strøk for best resultat
Utstyret du treng
For å gjere jobben enklare og betre, bør du ha:
- Kraftvask og vaskekost
- Hageslange eller spyleutstyr
- Maling eller beis av god kvalitet
- Penslar, rullar og forlengerskaft
- Maskeringstape og dekkplast
- Stige eller stillas
Eit lite tips som sparer deg for mykje arbeid
Vel kvalitet når du først skal male. Gode produkt varer lenger – ofte opptil 16 år – medan billigare alternativ kan måtte vedlikehaldast allereie etter 5–8 år.
Ta også vare på fargekode og produktinformasjon. Då blir neste runde mykje enklare.
Få hjelp lokalt
Hos XL-BYGG Andersen AS får du ikkje berre utstyr – du får også gode råd frå fagfolk som kan hjelpe deg med å velje riktig produkt til ditt hus.
Som medlem i ÅBBL får du 5% bonus på nesten alt du handler i butikken. Berre huks å registrer betalingskortet ditt i appen "Årdal BBL" først!
Artikkelen er laga med inspirasjon frå: Slik maler du huset utvendig: Se vår steg for steg-guide