Tryggare styrearbeid – med nokon i ryggen

Å sitje i styret i eit burettslag handlar om meir enn møte og papirarbeid. Det handlar om ansvar – for økonomi, drift og menneske. Vi har snakka med ein av styreleiarane våre om korleis kvardagen faktisk er – og kva det betyr å ha ÅBBL med på laget.
Publisert: onsdag 08. april 2026

Korleis er det eigentleg å sitje i styret?

Å sitje i styret i eit burettslag handlar om meir enn møte og papirarbeid.
Det handlar om ansvar – for økonomi, drift og menneske.

Vi har snakka med Gunn Bukve Skaret (styreleiar i Vee-sletta burettslag) om korleis kvardagen faktisk er – og kva det betyr å ha ÅBBL med på laget.

Uten Navn (500 X 500 Px)

Ein rolle med ansvar

Gunn har vore styreleiar i to periodar, og er no inne i sin tredje. Med seks år bak seg i rolla, kjenner ho godt til både ansvaret – og kvardagen som følgjer med.

– Det følgjer med ein god del ansvar, og ein del telefonar frå bebuarar, fortel ho.
– Men når ein kjem inn i det, så trivst eg godt med vervet. Eg har etter kvart tileigna meg svar på mykje – og når eg ikkje har svar sjølv, så veit eg kven eg skal kontakte.

Det du ikkje alltid ser

Sjølv om mykje går seg til med erfaring, er det framleis situasjonar som kan vere krevjande.

– Det kan vere vanskeleg å vite kva bebuarane har lov til å gjere, eller korleis ting skal løysast.
– Og så har du forsikringssaker som må handterast raskt. Då er det godt å ha nokon som kan hjelpe, seier ho.

Når du ikkje står aleine

For Gunn er det heilt tydeleg:

– Eg vil seie ganske mykje hadde vore vanskeleg utan ÅBBL.

Ho trekk særleg fram HMS-systemet som eit viktig verktøy i styrearbeidet.

– Det gjer at eg lett kan hugse kva som må følgjast opp. Til dømes at leikeplassen må sjekkast jamleg.
– Før tenkte vi kanskje ikkje så mykje over kor stort ansvar eit styre faktisk har. Då må du ha ein backup som lagar system som gjer det lett og oversiktleg.

Kva får du hjelp til?

Styrearbeidet handlar om mykje – og mykje av det skjer i det daglege.

– Får vi ein telefon om at noko er øydelagt, som ein lås, så ringer eg med ein gong. Då blir det ordna raskt av vaktmesterane Kevin og Sondre i ÅBBL Drift.
– Vi får hjelp til plenklipping, kantklipping, feiing – eg kan nesten ikkje nemne kva dei ikkje fiksar, seier ho og smiler.

Også på økonomi og forvaltning får styret tett oppfølging.

– Vi får god hjelp til budsjett og økonomi. Det er ikkje alt vi ser sjølve – men det blir lagt inn og følgt opp. Vi blir geleida gjennom heile prosessen.

Tryggheit i kvardagen

For Gunn handlar det ikkje berre om oppgåver – men om kjensla det gir.

– Det gjer meg trygg.
– Er det noko eg er usikker på, kan eg ta ein telefon og bli sendt vidare til rett person.
– Det er ein viktig plass for meg som styreleiar – og for heile styret.

Ho peikar også på kor viktig det er å ha eit godt grunnlag for avgjerder.

– Styret skal ta avgjerder, men då må du ha kunnskap i botn. Det er der ÅBBL kjem inn og hjelper oss.

Eit råd til andre styreleiarar

– Ja, eg vil absolutt anbefale ÅBBL til andre styreleiarar.
– Dei fleste bør ha ÅBBL i ryggen som støtte.

Éi setning

På spørsmål om kva ÅBBL betyr for henne, er svaret enkelt:

– For meg betyr ÅBBL tryggheit.

Vil du vite meir?

Sit du i styret – eller vurderer du å ta på deg ei rolle?

Ta gjerne kontakt med oss for ein uforpliktande prat.

Relaterte saker