Nyhende

Årdal Boligbyggelag +3
Objpict 33642478856361 0
Korleis vil du bu på Årdalstangen i framtida?

12. feb. 2026

Årdal Boligbyggelag og Garanti Eigedomsmekling Indre Sogn inviterer til ope informasjonsmøte om bustadmarknaden på Årdalstangen tysdag 4. mars kl. 18.00 på Klingenberg. Møtet er for alle som vurderer å kjøpe, selje, bytte eller berre ønskjer meir kunnskap om bustadutvikling i området.

Utleigemekling +1
TIL LEIGE
ÅBBL tilbyr no utleigemegling

12. feb. 2026

Vi hjelper deg trygt gjennom heile utleigeprosessen – frå rådgiving og marknadsføring til kontrakt og oppstart av leigeforhold. Vår første leigebustad er no lagt ut, og markerer starten på eit nytt tilbod med same lokale forankring og tryggleik som ÅBBL alltid har stått for.

Bustadmarknaden +2
Line Moen
Bustadmarknaden i Årdal

08. feb. 2026

Bruktbustadmarknaden i Årdal har hatt høg aktivitet i 2025, med rekordprisar og store lokale skilnader. Trass i dette er bustadprisane framleis låge samanlikna med resten av landet, noko som gjer Årdal attraktiv for førstegangskjøparar. Vidare utvikling vil avhenge av arbeidsplassar, næringsliv og folketalsutvikling.

Eigedomsmekling
236F48ea 6855 4931 B2ca 3C9130ef9616
Topp 10 i Garanti Eigedomsmekling-kjeda

06. feb. 2026

Vi er stolte av at vår meklar Malin Låksrud Øyre igjen markerer seg blant dei beste i Garanti-kjeda. Resultatet speglar høg fagleg kvalitet, målretta arbeid og eit sterkt fagmiljø ved kontoret vårt i Årdal. For oss står tillit, tryggleik og god rådgiving i sentrum – og vi jobbar kvar dag for å sikre kundane ei trygg og god oppleving gjennom heile eigedomshandelen.