Tidlegare i haust lyste Årdal Boligbyggelag (ÅBBL) ut gåvemidlar til tiltak for barn og ungdom i Årdal. No er midlane fordelte, og totalt 10 lokale tiltak har fått støtte.
Utdelinga skjer i samarbeid med dei tilknytte borettslaga våre. Alle andelseigarar bidreg med 100 kroner kvart år, og ÅBBL legg til resten. Saman utgjer dette ein pott på om lag 100 000 kroner, som går direkte tilbake til lokalsamfunnet.
Desse tiltaka har fått støtte
Årets mottakarar representerer eit breitt spekter av aktivitetar og tilbod for barn og unge. Blant tiltaka som har fått gåvemidlar i år er:
– IL Jotun Allidrett (nytt utstyr og drift)
– Årdalstangen Musikklag (Korpsløpet - nytt rekrutteringstiltak)
– IL Jotun Fotball (Kampanjen "bruk hue")
– ÅTIL Barneidrett (Utstyrsordning til heile ÅTIL)
– IL Jotun Innebandy (Utstyr)
– Anne Karin Bjørkum (Gratis/ lågkost keramikkverkstad for barn i Årdal)
– ÅTIL Ski (Vedlikehald og utvikling av frisbeegolfbana på Seimsåsen)
– IL Jotun Turn (Nytt utstyr til turnhallen, sosiale kveldar i turnhallen)
– Tronteigen Grendalag (Opparbeidelse av uteområde, der barn, ungdom og vaksne kan møtast og ta del i aktivitetar)
– Barnas Turlag Årdal (Leie inn Bulder- og brak opplevingar.
Tiltaka spenner frå idrett, friluftsliv og kultur til sosiale og inkluderande møteplassar i nærmiljøet.
Gjev tilbake – saman med borettslaga
Ordninga med gåvemidlar er eit samarbeid mellom ÅBBL og borettslaga. Gjennom felles innsats kan vi støtte lokale initiativ som skaper aktivitet, fellesskap og gode opplevingar for barn og ungdom – der dei bur.
ÅBBL ønskjer å takke alle som søkte om støtte i haust, og gratulerer tiltaka som har fått tildelt midlar for 2025. Til dykk som ikkje nådde opp i år – prøv gjerne igjen neste år.
💚 Saman gir vi tilbake til lokalsamfunnet i Årdal.