I 80 år har ÅBBL hatt eitt mål: å skaffe og forvalte bustader for medlemmene våre. No utvidar vi tilbodet – og tilbyr også profesjonell utleigemegling gjennom Garanti Indre Sogn.
Mange sit med ein bustad dei ønskjer å leige ut, men opplever at det kan vere krevjande å handtere alt sjølv. Kven skal ein velje som leigetakar? Korleis set ein rett leigepris? Kva må vere med i kontrakten? Og kva ansvar har ein som utleigar?
Her kan vi hjelpe.
Dette får du hjelp til
Gjennom Garanti Indre Sogn tilbyr vi:
-
Rådgiving før utleige
-
Vurdering av marknadsleige
-
Profesjonell marknadsføring
-
Visningar
-
Utveljing av leigetakar
-
Kontrakt og dokumentasjon
-
Trygg oppstart- og viare forvaltning av leigeforholdet
Vi tek hand om prosessen – slik at du får ei trygg og forutsigbar utleige.
Første bustad er no lagt ut
Vår første leigebustad er no ute på marknaden:
Røtisvegen 25C – ein lys og delikat 2-roms leilegheit i Røti, leigd ut møblert og med god standard.
Dette markerer starten på eit nytt tilbod frå ÅBBL – men med same lokale forankring og tryggleik som alltid.
Vurderer du å leige ut?
Ta kontakt med oss for ein uforpliktande prat.
ÅBBL – trygg bustadforvaltning i generasjonar.