Korleis vil du bu på Årdalstangen i framtida?

Årdal Boligbyggelag og Garanti Eigedomsmekling Indre Sogn inviterer til ope informasjonsmøte om bustadmarknaden på Årdalstangen tysdag 4. mars kl. 18.00 på Klingenberg. Møtet er for alle som vurderer å kjøpe, selje, bytte eller berre ønskjer meir kunnskap om bustadutvikling i området.
Publisert: torsdag 12. februar 2026

Bustadmarknaden er i endring. Behova våre endrar seg. Nokon ønskjer mindre bustad. Andre treng meir plass. Nokon vil inn på marknaden for første gong. Andre vurderer å bytte.

Men kva treng vi eigentleg på Årdalstangen framover?

Årdal Boligbyggelag og Garanti Eigedomsmekling Indre Sogn inviterer no til ope informasjonsmøte på Klingenberg – for alle som er interesserte i bustad på Årdalstangen.

Tysdag 4. mars kl. 18.00 på Klingenberg Hotell

Kven passar dette for?

Dette møtet er for deg som:

  • Har bustad i dag – men vurderer å bytte

  • Er førstegongskjøpar

  • Leiger og ønskjer å eige

  • Er nysgjerrig på utviklinga i bustadmarknaden

  • Eller berre vil vite meir om kva som skjer i nærområdet ditt

Kort sagt: Alle som bryr seg om bustad og utvikling på Årdalstangen.

Kvifor inviterer vi?

Som boligbyggelag har vi eitt hovudmål:
Å skaffe gode bustader til medlemmene våre – også i framtida.

For å klare det, treng vi å vite kva behov som finst.
Kva type bustader manglar?
Kva prisnivå er realistisk?
Kven ønskjer å flytte – og kvifor?

Innspela vi får, er viktige når vi skal planleggje vidare utvikling.

Dette får du på møtet

Vi vil gi ei oppdatering på bustadmarknaden på Årdalstangen og dele tankar om vegen vidare. Det blir også rom for spørsmål og innspel frå dykk som bur her.

Møtet er ope for alle, og det er ikkje påmelding som krav.

Samtidig set vi stor pris på om du melder deg på på førehand. Det gjer det enklare for oss å planleggje plassbehov – og ikkje minst sørgje for nok kaffe og kake til alle.

Vi håpar du vil komme – enten du har konkrete planar, eller berre er nysgjerrig.

Vel møtt på Klingenberg 4. mars kl. 18.00.

Meld deg på her

Relaterte saker