Vår meklar Malin Låksrud Øyre blant dei beste i Garanti - kjeda
Det er med stor stoltheit vi kan dele at vår eigedomsmeklar Malin Låksrud Øyre igjen har markert seg heilt i toppen av Garanti-kjeda.
Å bli løfta fram blant dei aller beste meklarane i kjeda er ingen sjølvfølge. Det krev høg fagleg kompetanse, strukturert arbeid over tid – og ikkje minst evna til å skape tryggleik og tillit hos kundane.
Eit sterkt fagleg miljø i Garanti Eigedomsmekling Indre Sogn
Sidan Malin starta hos oss i 2022, har ho vore ein viktig del av det dyktige fagmiljøet på kontoret vårt i Årdal. Vi jobbar målretta, med høg fokus på kvalitet i alle ledd, og vi har eit sterkt engasjement for både kundar og lokalsamfunnet.
Tillit står i sentrum
For oss handlar eigedomsmekling om meir enn tal og statistikk. Det handlar om å vere til stades for folk i viktige livsfasar, gje gode råd og skape trygge rammer rundt ei stor avgjerd.
Vi er opptekne av å møte kundane med respekt, tilgjengelegheit og med høg fagleg kvalitet. Som kunde hjå oss, skal ein vere trygg på at vi skal gjere vårt aller beste for at du som kunde skal bli fornøgd.
At Malin igjen er heilt i toppen i ei kjede med rundt 80 meklarar, opplever vi som ei stadfesting på det målretta arbeidet som heile avdelingen hjå oss legg ned kvar einaste dag.
Ta kontakt med oss, om du treng hjelp med å selje eller leige ut din eigedom