Gåvemedlemskap

Eit medlemskap i ÅBBL kan være gull verdt for barna når dei på eit tidspunkt skal ut på bustadmarknaden.
Chatgpt Image 12. Nov. 2025, 13 55 39

Ei gåve som veks i verdi

Konfirmasjon, dåp, jul eller bursdag – gi ei gåve som varer. Eit medlemskap i Årdal Boligbyggelag er ei investering som aukar i verdi for kvar dag som går. Med medlemskap får barnet ansiennitet som kan bli gull verd den dagen det skal inn på bustadmarknaden.

Det er kanskje ikkje eit medlemskap i ÅBBL barnet, barnebarnet, niesene eller nevøen drøymer mest om akkurat no – men om 10, 20 eller 30 år kan det vise seg å vere den beste gåva dei fekk.

 

Gratis kontingent fram til fylte 18 år

Ved innmelding i ÅBBL betaler alle ei andelskapital på kr 300,-. Deretter er medlemskapet gratis fram til medlemmet fyller 18 år. I mellomtida tener dei opp verdifull ansiennitet som kan brukast til forkjøpsrett på bustader. Når medlemmet fyller 18 år, startar den årlege medlemskontingenten, som for tida er kr 300,- per år.

Melder du inn barnet tidleg, får det mange år med ansiennitet – eit stort fortrinn den dagen det skal kjøpe si første bustad.

 

Medlemsfordelar

Som medlem i ÅBBL får ein forkjøpsrett på bustadar i vårt boligbyggelag, og tilgang til ei rekkje gode medlemsfordelar.
Frå fylte 15 år kan ein også ta del i fordelsprogrammet, som gir bonus og rabattar hos mange samarbeidspartnarar, både lokalt og nasjonalt.

Du finn oversikt over alle fordelane på her.