Dette kan vaktmeistrane våre hjelpe med

Vaktmeistrane våre kan ta på seg både faste driftsoppgåver og mindre oppdrag ved behov. Tenestene er meint som ei praktisk hjelp i kvardagen – ikkje som erstatning for fagfolk der det krevst autorisasjon. Her finn du ei oversikt over kva vaktmeistrane kan bistå med, og korleis du går fram for å bestille.
Ebcab79a 2Ac1 4D5c B64b C675bb1a7b06 – Redigert

Små tømrar- og vedlikehaldsoppdrag

Vaktmeistrane kan utføre enkle tømrar- og vedlikehaldsarbeid som ikkje krev søknad eller autorisasjon, til dømes:

  • Enkle tømrararbeid

  • Montering av mindre konstruksjonar

  • Utskifting av lister, plater og andre mindre bygningsdelar

  • Enkle reparasjonar og utbetringar

Dette passar godt for mindre jobbar der det elles ville vore behov for å hente inn ekstern handverkar.

Rydding og praktisk hjelp

Vaktmeistrane kan også bistå med praktiske oppgåver i og rundt bygga, til dømes:

  • Rydding av fellesareal

  • Klargjering før eller etter arbeid

  • Hjelp ved flytting

  • Bortkøyring av avfall etter nærare avtale

Utandørs arbeid – vår, sommar og haust

Når sesongen tillet det, kan vaktmeistrane ta på seg utandørs arbeid som:

  • Gressklipping

  • Hekklipp

  • Kantklipping

  • Enkelt vedlikehald av uteområde

  • Opprydding av felles uteareal

  • Utvendig vindaugsvask

Internkontroll og HMS-oppgåver

Vaktmeistrane kan òg ta på seg oppdrag knytt til internkontroll og HMS, som alle boligselskap er pliktige til å gjennomføre.

Dette kan til dømes vere:

  • Gjennomføring av enkle HMS-kontrollar i fellesareal

  • Bistand ved årleg internkontroll

  • Kontroll av rømningsvegar, skilting og orden i fellesareal

  • Oppfølging av avvik og praktiske tiltak

Vaktmeistrane kan bidra med både praktisk gjennomføring og støtte i det løpande HMS-arbeidet, i samarbeid med styret og administrasjonen.

Kevin Øy
Kevin Øy
Vaktmeistar
Sondre Øren
Sondre Øren
Vaktmeistar

Kven kan bestille – og korleis?

I utgangspunktet kan alle bestille oppdrag hjå vaktmeistrane våre – dette gjeld:

  • Bedrifter

  • Borettslag og andre boligselskap

  • Privatpersonar

Slik går du fram:

  1. Send ei førespurnad til ÅBBL

  2. Skildre kort kva du ønskjer hjelp til

  3. Vi vurderer om oppdraget kan utførast av vaktmeister

  4. Omfang, pris og tidspunkt blir avklart før oppstart

Kontaktskjema