ÅBBL gir tilbake
Å bu i eit borettslag handlar om meir enn bustad. Det handlar om fellesskap, tilhøyrsle – og ansvar for kvarandre og staden vi bur.
Gjennom Årdal Boligbyggelag og våre tilknytta borettslag gir vi kvart år tilbake til lokalsamfunnet i Årdal. Alle borettslaga bidreg med ein årleg sum som saman med eit bidrag frå ÅBBL blir til gavemidlar for gode føremål. Til saman deler vi ut kr 100 000 kvart år.
Gavemidlane går til tiltak for barn og unge i Årdal – aktivitetar, møteplassar og initiativ som skaper tryggleik, meistring og glede i kvardagen. Det kan vere små eller store prosjekt, men felles for dei alle er at dei betyr noko for lokalmiljøet vårt.
Dette er eit felles løft. Når borettslaga står saman, kan vi bidra til eit levande og inkluderande Årdal – også utanfor dørene der vi bur.