Logo

Årdal Boligbyggelag og Garanti Eigedomsmegling Indre Sogn søkjer dagleg leiar

Publisert: onsdag 11. mai 2022
Vil du leie utviklinga av framtidas boligbyggelag i årdalssamfunnet? 
Vår noverande leiar skal gå av med pensjon frå nyttår. Me søkjer difor etter ein ny leiar som har ønskje om å utvikle Årdal Boligbyggelag (ÅBBL) vidare.
Som dagleg leiar i ÅBBL vil du få eit operativ ansvar for drift og utvikling av verksemda. Du får ei allsidig og spanande leiarrolle i eit boligbyggelag som har ei viktig rolle i lokalsamfunnet. Du vil rapportere til styreleiar.
ÅBBL forvaltar 33 burettslag som utgjer tredjedelen av bustadmassen i Årdal. Du blir leiar for 14 tilsette, fordelt på Garanti Eiendomsmegling Indre Sogn, teknisk drift, reinhald og vaktmeisteravdeling. Årdal Reinhaldsservice AS er ei heileigd verksemd av ÅBBL.