Bustader på forkjøpsrett

Sjå vekas bustader på forkjøpsrett her

Det er to måtar å nytta forkjøpsretten på. Det er seljar, i samråd med meklar, som avgjer kva alternativ som passar best.

1. Førehandsavklaring

Ved førehandsavklaring vert bustaden utlyst på forkjøpsrett før bustaden er seld. Pris og vilkår er då ikkje fastsett og derfor kan du melda interesse for bustaden utan å binda deg.

Har du søkt på ein førehandsavklaring bustad, får du svar på kva plass du har i køen kort tid etter fristen for å søkje er gått ut. Så snart Årdal Boligbyggelag får melding frå meklar om at bustaden er seld, kontaktar vi deg.

2. Fastprisavklaring

Ved fastprisavklaring vert bustaden utlyst på forkjøpsrett når seljaren allereie har akseptert eit bod og vilkår. Å melda forkjøpsrett i dette tilfellet er bindande dersom ingen med betre ansiennitet også melder forkjøpsrett innan fristen. 

Kva er ansiennitet?

Som medlem i Årdal Boligbyggelag samlar du ansiennitet frå den dagen innmeldinga di er registrert betalt hjå oss. Ansienniteten din fortel kor lenge du har vore medlem og er avgjerande når forkjøpsrett skal bli nytta. 

Dersom fleire medlemar melder forkjøpsrett på same bustad, er det medlemen med lengst ansiennitet som får moglegheit til å kjøpa bustaden. Du kan overføra medlemskapet ditt og ansienniteten din i Årdal Boligbyggelag til andre i familien din.