
Årdal Boligbyggelag deler ut 100 000 kroner til tiltak for barn og ungdom
Årdal Boligbyggelag (ÅBBL) har i fleire år hatt som mål å bidra til eit levande og trygt lokalsamfunn. No deler vi ut om lag 100 000 kroner i sponsormidlar til aktivitetar og trivselstiltak for barn og ungdom i Årdal.
Dette gjer vi i samarbeid med borettslaga våre – alle andelseigarar bidreg med 100 kroner kvart år, og ÅBBL legg til resten.
Midlane skal gå til tiltak som gir barn og unge gode opplevingar, fellesskap og aktivitetar der dei bur.
Alle kan søkje
Det treng ikkje vere eit idrettslag for å få støtte. Alle som driv med tiltak eller aktivitetar for barn og ungdom kan søkje – lag, foreiningar, grupper eller enkeltpersonar med gode idear som skaper trivsel og fellesskap.
Du kan søkje om inntil 25 000 kroner per tiltak.
– Vi ønskjer å støtte gode initiativ som skaper engasjement, fellesskap og glede for barn og unge i lokalmiljøet.
Slik søkjer du
Send ein kort søknad til hege.kulhuset@aabbl.no innan 1. november.
Søknaden bør innehalde:
-
Namn på søkjar
-
Beskriving av tiltaket
-
Kva midlane skal brukast til
-
Kor mykje du søkjer om
Små grep – stor betydning
Gjennom denne ordninga ønskjer ÅBBL og borettslaga å løfte fram dei lokale kreftene som skapar aktivitet for barn og unge. Små tiltak kan bety mykje – anten det handlar om utstyr til eit aktivitetstilbod, ei sosial samling, eller eit kreativt prosjekt.
– Vi håpar mange vil nytte moglegheita til å søkje. Det er dei lokale initiativa som gjer Årdal til ein god plass å bu og vekse opp, avsluttar Moen.
💚 Saman kan vi bidra til fleire gode opplevingar for barn og ungdom i Årdal.