
Bo Trygt 2025: Gjer bumiljøet ditt tryggare – med støtte på inntil 100 000 kr
I fjor fekk ti burettslag realisert små og store draumar: grillhytter, nye leikeplassar, treningsapparat på uteområda og sosiale møteplassar – alt gjennom Bo Trygt-satsinga. No er vi i gang igjen, og denne gongen er potten dobla til heile to millionar kroner.
Er burettslaget ditt klart for å bli med?
Tryggleik er meir enn ein låst ytterdør
Bo Trygt handlar om den gode kjensla av å høyre til. Om å kunne smile til naboen, kjenne seg velkommen, og oppleve at ein bur ein stad der folk bryr seg om kvarandre. Det kan vere fysisk tryggleik – som lys, treningsutstyr og leikeapparat. Eller sosial tryggleik – møteplassar, fellestiltak eller kanskje ein liten nabolagsfestival?
Vi veit at det er små grep som kan ha stor verdi. Og vi veit at mange sit med gode idear, men manglar midlane for å sette dei ut i livet.
Derfor finst Bo Trygt.
Søk støtte – enkelt og lavterskel
Burettslag som er tilknytte Sikringsordninga, kan søkje om inntil 100 000 kroner. Mindre prosjekt? Det går heilt fint – de kan sjølvsagt søkje om eit mindre beløp.
Alt vi ber om, er ein kort video (maks 60 sekundar) der de fortel og viser kva tiltaket handlar om – og kvifor det betyr noko for dykk som bur der. Det treng ikkje vere fancy – eit opptak med mobilkamera held i massevis.
Frist og innsending
Søknadsfrist: 31. august
Innsending og meir info: botrygt.no
På nettsida finn de også inspirasjon frå tidlegare prosjekt – og kanskje får de ein idé eller to undervegs?
Kva kan de få støtte til?
Her er nokre eksempel frå i fjor:
Grillhytte i fellesområdet
Treningsapparat til bruk for alle bebuarar
Leikeplass for dei yngste
Benkar og møteplassar for sosialt samvær
Tiltak som styrkjer fellesskap og trivsel
– Vi ønskjer oss tiltak som varer – som gjer det lettare å seie hei til naboen og som bidreg til eit godt stad å bu for alle, seier Sven Eric Dæhlin i Borettslaga si Sikringsordning.
Så kva treng de?
Er det noko som kunne gjort bumiljøet tryggare, trivelegare eller meir inkluderande der de bur? Då er det no de skal gripe sjansen. Bo Trygt 2025 gjev dykk moglegheita til å få realisert akkurat det.