
Kurs i styreportal
Lær å bruke styreportalen – kurs for nye og eksisterande styremedlemmer
Er du ny i styret – eller ønskjer du ei grundig innføring i korleis du kan bruke styreportalen på best mogleg måte?
Då bør du bli med når Årdal Boligbyggelag inviterer til kurs i styreportal måndag 2. september kl. 18:00 på Bakeriet.
Dette er eit kurs som tek deg gjennom styreportalen frå A til Å, og gir deg gode verktøy for effektivt og oversiktleg styrearbeid i burettslaget. Vi anbefaler kurset både for nye styremedlemmer og for dei som ønskjer ei oppfrisking.
🔹 Når: 2. september kl. 18:00
🔹 Kvar: Bakeriet
🔹 Pris: kr. 1000 per burettslag (gjeld for heile styret)
🔹 Påmeldingsfrist: 1. september
🔹 Påmelding til: ruben.aspeseter@aabbl.no
🔹 Servering: Det blir lett servering
Kurset gir deg innsikt i korleis du kan bruke styreportalen som eit godt arbeidsverktøy i kvardagen – både til kommunikasjon, dokumentasjon og oversikt over viktige saker. Vi håpar å sjå deg der!